Samhandling på individnivå inneber at tenesta og familien samarbeider og tilbodet vert tilpassa barnet og familien ut frå deira behov. Barnet, familien og tenesta sine involverte deltar aktivt i planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak. Unntaket er ved vald og overgrep. Då kontaktar tenester barnevernet direkte. I arbeid med barn og unge er samhandling og brukarmedverknad ein naturlig del av utforminga av det enkelte tilbodet. I tillegg sikrar ein samhandling systematisk på følgjande måte i Tysnes kommune:

BTI

Tysnes kommune har ein digital handlingsrettleiar med tilhøyrande verktøy som tilsette i vår kommune skal nytte når ein jobbar med barn og unge. Målet med handlingsrettleiaren er rett hjelp til rett tid, tidleg foreldreinvolvering og at barnets røyst alltid skal følgje prosessen kring seg sjølv.

Stafettlogg

Tysnes kommune skal implementere stafettlogg for å sikre dokumentasjon, samarbeid og medverknad på individnivå.  Stafettloggen er ei elektronisk loggbok for born og unge, der informasjon om alle iverksette hjelpetiltak og involverte personer er samla på ein stad. Foreldre/føresette må alltid godkjenne at det blir oppretta ein stafettlogg. Barn, unge og foreldre har tilgang til loggen og kan til ei kvar tid halde seg oppdatert på informasjonen. Det er føresette til barnet, og/eller barnet sjølv som styrer kven som får samtykke til innsyn og lesetilgang i loggen.

Utviklingssamtalar på skulen

Foreldra har minst to gonger i året rett til ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skulen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven.
Eleven kan vere med i samtalen med foreldra. Når eleven har fylt 12 år, har han eller ho rett til å vere med i samtalen.

Foreldresamtalar

Foreldre får tilbod om foreldresamtalar haust og vår i barnehagen. Her vert det utveksla informasjon om barnets trivsel og utvikling. Barnehagen ynskjer å få på det pedagogiske innholdet, samarbeidet og informasjonsutvekslingen.