Tiltak og tenester for barn og unge i Tysnes kommune

Barnehage

Eining barn og familie i kommunen består av 4 barnehagar: Onarheim barnehage, Stjernereiso barnehage, Vågsmarka barnehage og Lunde barnehage. Barnehagane i kommunen har ulike tiltak for barn.

Tiltak og metodar:

  • Foreldresamtalar
  • COS-P
  • AlleMed
  • ASQ-SE
  • SOFYKOS plan
  • Foreldrerettleiing
  • Samarbeid med helsestasjon, PPT, BV, fysioterapeut og førebyggande tiltaksteam.
  • Spesial pedagog.

Kontakt

Barnevern

Barnevernet er organisert under eining Barn og familie. Barnevernet skal vere ein garanti for at alle barn og unge blir sikra omsorg, tryggleik og ei god utvikling. Dei skal beskytte barn mot omsorgssvikt og motvirke at barn lir fysisk og psykisk overlast. Barnevernet sitt arbeid er ei blanding av støtte og kontroll. Det skal gi hjelp og støtte slik at heimen skal kunne makte sitt oppdrageransvar, men dei har også plikt til å gripe inn dersom det ikkje nyttar.

Tiltak og metodar:

  • Råd og rettleiing
  • Hjelpetiltak for å auke foreldrekompetanse
  • Oppfølging og støttesamtalar med barn og unge
  • Tilsyn i heimen
  • Organisere hjelpetiltak i familiar (til dømes besøksheim, støttekontakt, barnehage, SFO og ansvarsgrupper)
  • Traumebevisst omsorg
  • Vurderinger til barnets beste
  • COS-P
  • ART
  • Psykologisk førstehjelp
  • Tilvise/koble på andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta ved behov.
  • Oppfølging av fosterheim
  • Rettleiing av andre tenester (til dømes skule, barnehage og helsestasjon)

Kontakt

Ergoterapitenesta

Ergoterapitenesta består av 60 % stilling Kommuneergoterapeut. Ergoterapeuten har kontor på helseavdelinga på kommunehuset. Du kan ta direkte kontakt med ergoterapeuten, eller be pårørande eller anna helsepersonell ta kontakt for deg. Det er ingen eigenandel på ergoterapitenesta. Ergoterapeuten i Tysnes kommune arbeider i open omsorg med menneske i alle aldrar og med ulike typar lidingar og diagnosar. Til ergoterapeuten kjem folk som har problem med å meistra aktivitetar og gjeremål i kvardagen. Ergoterapi er også å hjelpa pasienten til å ta i bruk eigne ressursar. For eldre kan tidlege ergoterapitiltak verka førebyggjande m.o.t. innlegging i institusjon.

Tiltak og metodar:

  • rehabilitering og habilitering
  • tilrettelegging, tilpassing og kompensasjon for tapt funksjon
  • rådgjeving ved bustadendring
  • tekniske hjelpemiddel
  • ergonomiske tiltak
  • funksjonsvurdering
  • Rettleiing i tilpassing av bustad
  • Rettleiing i høve til ergonomi
  • Rettleiing/trening i høve til å utføra daglege gjeremål eller aktivitetar
  • Formidling av hjelpemiddel frå kommunalt lager (korttidsutlån)
  • Formidling av hjelpemiddel frå Hjelpemiddelsentralen (langtidsutlån) etter Lov om folketrygd §§ 10-5, 10-6 og 10-7
  • Oppfølging eller fornying av hjelpemiddel du tidlegare har fått

Kontakt

Fysioterapitenesta

I Tysnes kommune arbeider to kommunefysioterapeutar. Dei arbeider med menneske i alle aldrar, på helsestasjonen, i barnehagar, skular, sjukeheimen og i heimar. I tillegg er det fysioterapeutar med driftstilskot. Arbeidet omfattar habilitering og rehabilitering, førebyggjande og helsefremjande arbeid.

Tiltak og metodar:

  • Undersøking/vurdering og ev. oppfølging/fysikalsk behandling i samband med ulike funksjonsproblem.
  • Faste screening-undersøkingar av barn i ulike aldrar i samarbeid med helsestasjonen, t.d. 4 md-kontroll, og førskuleundersøking.
  • Opplysning og rettleiing i høve til ergonomi, aktivitet og trening. Dette kan til dømes gjelda i skular/barnehagar eller på sjukeheimen, der fysioterapeut kan rettleia dei tilsette eller brukarane. Fast undervisning/samtale for 6. klasse saman med helsesøster.
  • Formidling av hjelpemiddel i samarbeid med ergoterapeut.
  • Foreldreførebuande kurs i samarbeid med helsestasjonen.
  • Ulike typar gruppetrening.
  • Samarbeidsmøte med ulike instansar.
  • Psykomotorisk fysioterapi

Brukarar av tenesta vert tilvist frå helsestasjonen, barnehagar, skular, sjukeheimen, sjukehus eller av fastlegen.

Kontakt

Førebyggande tiltaksteam for barn og familiar

Kommunen har etablert eit team sett saman av ulike fagpersonar, med målsetjing å hjelpe barn og familiar innanfor rammene av førebyggande psykisk helsearbeid. Førebyggande tiltaksteam er eit lavterskel gratis tilbod til familiar i kommunen. Tenesta består av kommunepsykolog, psykisk helsearbeidar, helsesjukepleiar og familieterapeut. Teamet er organisert under eining Barn og familie.

Tiltak og metodar:

  • Foreldrerettleiing
  • Cool kids/ manualbasert angstbehandling basert på kognitiv atferdsterapi i gruppe og individuelt.
  • Tidsavgrensa samtaleterapi
  • Hei- spelet og psykologisk førstehjelp
  • Kompetanseheving og rettleiing til tilsette i kommunen som jobbar i kontakt med barn
  • Gruppetilbod
  • Samarbeid med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta (BUP)

Kontakt

Helsestasjon og jordmortenester

Helsestasjons- og jordmortenesta driv førebyggjande og helsefremjande arbeid i kommunen, særleg retta mot barn, unge og føresette. Tenesta er eit lågterskeltilbod, som vil seie at ein kan ta kontakt ved behov, enten via telefon eller komme innom. Her kan ein få råd og rettleiing kring barns vekst og utvikling. Tenesta består av jordmorteneste, helsestasjon for barn, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom.

Tiltak og metodar:

  • Kontrollar etter nasjonal fagleg retningslinjer.
  • Ekstra støttesamtalar til gravide, foreldre og familier som treng ekstra oppfølging.
  • Heimebesøk etter fødsel
  • Barne- og familierettleiing.
  • Tidlig inn
  • Edingburgh Postnatal Depression Scale (EPDS)
  • COS-P- Circle of security
  • ASQ og ASQ-SE
  • ICDP-foreldrerettleiing
  •  Firfotmodellen
  • Ammekynding helsestasjon
  • Psykologisk førstehjelp
  • “Hei”- spelet
  • “Alle har ei psykisk helse” i samarbeid med skule
  • Testing for kjønnsjukdommar, spørsmål om seksuell helse, spørsmål om graviditet, resept og prevensjonsrettleiing.

Kontakt

Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit tilbod til ungdom mellom 13 og 23 år. HFU er ein del av helsestasjonstenesta i kommunen. Opningstid: Torsdagar 15:00 – 17:15
Stad: 2. etg. i Våge senter, over Carisma, ved sida av treffstaden.

Tiltak og metodar:

  • Jordmor
  • Helsesjukepleiar
  • Lege
  • Samtale om det som opptar ungdommen, t.d fysisk, psykisk og seksuell helse, mat, rus, kjønnsidentitet eller vald/overgrep.
  • Prevensjonsrettleiing og utskriving av prevensjon
  • Innsetting av p-stav
  • Graviditetstest og rettleiing i samband med graviditet
  • Gratis kondomar
  • Sjølvtesting av seksuelt overførbare infeksjonar

Kontakt

Interkommunalt PPT

Tysnes kommune er ein del av Stord, Fitjar og Tysnes interkommunale pedagogisk-psykologiske teneste (PPT). Målgruppa til PPT er barn, ungdom og elevar som ikkje får tilfredstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet i skule, eller ikkje får dekka behova sine innanfor det almennpedagogiske tilbodet i barnehagen.

Tiltak og metodar:

  • Spes.ped 
  • Vidareutdanning retta mot barnehage – og skuleutvikling. 
  • Rettleiingskompetanse i arbeid med barnehagar, skulemiljø, relasjonsbygging, læringsutbytte og klasseleiing.
  • Individretta oppdrag/ sakkunnig instans i høve til spesialpedagogisk hjelp.
  • Bistå med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å legge forholda til rette for barn med særlege behov.
  • PPT har fast kontaktperson på skulane og i barnehagane, deltek i ressursteam der dei har det og på rektor/styrarmøte.

Kontakt

Kommunalt fastlegetilbod

Tysnes legekontor har som oppgåve å gje brukarane tilbod både i form av legetenester på dagtid og akutt hjelp på kveld og natt. I tillegg har legane tilsynsverksemd for pleie- og omsorgstenesta og konsultasjonar på helsestasjon for barn og ungdom.

Tiltak og metodar:

  • Legespesialister
  • Lege i spesialisering
  • Sjukepleiarar
  • Bioingeniør
  • Oppfølging og kontrollar etter nasjonale retningslinjar
  • Samarbeid med helsestasjon, psykiske helsetenester og spesialisthelsetenesta
  • Tilvisning til spesialisthelsetenesta og psykisk helseteneste i kommunen ved behov.

Kontakt

Telefon: 53437080

Nødtelefon: 113

Legevakt: 116117

Kulturskulen

Kulturskulen er eit musikk- og kulturfagleg tilbod. Kulturskulen har tilbod til alle barn og unge i kommunen i skulealder. Kulturskulen jobbar for å ha tilbod i forlenging av skuledagen og gratistilbod/redusert betaling slik at alle barn i kommunen skal ha lik moglegheit for ei meningsfull fritid.

Tiltak og metodar:

  • Einskildeundervisning (t.d. bassgitar, piano, messingsinstrument, gitar, slagverk, låtskriving og vokal)
  • Gruppeundervisning (t.d. dans, teater, forkurs instrumentalopplæring, musikkleik og aspirantopplæring korps)
  • Korps

Kontakt

Krisesenter vest

Krisesenter Vest IKS har 17 eigarkommunar, deriblant Tysnes. Krisesenteret gjev eit bu- og dagtilbod til kvinner, barn, menn og LHBT-personar som er utsatt for vald eller truslar om vald i nære relasjonar. Krisesenteret gjev eit bu- og dagtilbud.

Kontakt

Døgnåpen telefon: 53 41 12 12

NAV

NAV er ein offentlig etat som har ansvar for organisering og finansiering av arbeidsmarkedstiltak, trygdeytelsar og sosialhjelp. NAV forvaltar ei rekke ulike ordninger som sjukepengar, dagpengar, pensjon, kontaktstøtte, arbeidsavklaringspengar og barnetrygd. NAVkontoret ligg i første høgda i Rådhuset.

Tiltak og metodar:

  • Kartlegging av funksjonsevne og sett i verk tiltak som kan betre eller avklare brukar si arbeidsevne. I dette ligg tiltak etter NAV stat sin tiltaksmeny, kurs, oppfølging, økonomisk sikring, karriererettleiing og samarbeid med andre instansar.
  • Samarbeid med barneverntenesta i einskildsaker og på generelt grunnlag.
  • Videre tilvisning til kommunal psykisk helseteneste i samråd med brukar.
  • Samarbeidsavtaler med OT/PPT, tannhelsetenesta, flyktningtenesta.
  • Delta i IPS (individuell jobbstøtte)- prosjekt saman med fleire andre kommunar og Stord DPS om å tilby brukarar med moderate til alvorlege psykiske vanskar, hjelp til ordinær jobb.

Kontakt

Psykisk helsetenester for vaksne

Tysnes kommune har ei psykisk helseteneste for vaksne (over 18 år).  Samtale med psykiatrisk sjukepleiar eller psykisk helsearbeidar anten i heimen eller på kontoret etter avtale. Tilvising ved direkte kontakt eller gjennom lege. Psykiatrisk sjukepleie vert tildelt etter lov om helsetenesta i kommunane. Søknader vert handsama fortløpande.  Ingen eigenbetaling.

Tiltak og metodar:

  • Psykiatrisk sjukepleiar
  • Familieterapeut
  • Kognitiv terapi
  • Samtalebehandling
  • Aktivitetssenter ope to dagar i veka
  • Tankevirus
  • Samarbeid med andre kommunale teneste (t.d. fysioterapi, førebyggande tiltaksteam for barn og familiar og legetenesta) , spesialisthelsetenesta og krisesenteret.

Kontakt

SFO

Skulefritidsordninga (SFO) er eit tilbod for barn 1. til 4. klasse og til barn med spesielle behov i 1. til 7. klasse etter skuletid. Skulefritidsordninga har ulike aktiviteter for barn og nyttar lokalar ved Uggdal skule med tilgang til gymsal, klasserom og idrettsanlegget på Reiso.

Kontakt

Skule

Skulane i kommunen er Onarheim skule, Uggdal skule og Tysnes skule. Skulane i kommunen tilbyr ulike tiltak for barn og familiar.

Tiltak og metodar:

  • Sosiallærar (Tysnes skule)
  • Tverrfaglig ressursteam samansett av sosialpedagogisk rettleiar, kommunepsykolog, helsesjukepleiar, psykisk helsearbeidar og pedagogisk rådgiver frå PPT (Tysnes skule)
  • Olweusprogrammet og Olweusteam
  • Elevsamtalar og utviklingssamtalar to gongar pr år
  • Smart oppvekst
  • Stjernevakt i friminutt for ekstra oppfølging (Uggdal skule)
  • Logoped
  • Synspedagog
  • Blå skule (Tysnes skule)

Kontakt

Treffstaden

Treffstaden er eit gratis tilbod til ungdomsskuleelevar på Tysnes som er ope kvar tysdag og torsdag etter skuletid, frå kl. 14-16. Det er to vaksne til stades. På Treffstaden får du litt mat, du kan vere med vener, spele spel, gjere lekser, prate med vaksne, komme og gå som du vil. Treffstaden held til i fine lokaler midt i Våge sentrum (over Carisma frisør). Treffstaden føl skuleruta. I 2022 er me ope to dagar i veka. Treffstaden vert driven av psykik helsearbeidar og tiltaksarbeidar frå barnevernet.

Kontakt