Kommunen nyttar ulike verktøy og system i det tverrfagelige kommunale arbeidet med barn og unge,

Kvalitetssystem- Compilo

Tysnes kommune held på å implementere Compilo som sitt avviks- og kvalitetssytem. Dette er ei heilskapleg løysing for kvalitetssystem og internkontroll. Tilsette i Tysnes kommune finn i dette systemet alle lover, rutiner, reglement, handbøker, skjema, prosedyrar og planar knytt til arbeidet i kommunen. Avvik som vert meldt her er grunnlag for kvalitetsforbetringar innanfor kommunen sine tenester.

Stafettlogg og BTI

For å sikre langsiktig og dokumentert oppfølging innan tverrfagleg samhandling på individnivå, i tillegg til god brukarmedverknad på individnivå, har Tysnes kommune avgjort å innføre bruk av Stafettlogg. Stafettloggen er ein del av kommunen sin Betre tverrfaglig Innsats modell (BTI) og BTI-rettleiar. Stafettloggen skal dokumentere korleis tenesta følgjer opp barn og unge som det er knytt ei undring eller uro kring. På kommunalt nivå kan statistikk på bruk av verktøyet gje peikepinn på behovet til innbyggjarane og tilsette i kommunen.

Oppvekstprofil

Oppvekstprofilane er eit resultat av eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet (FHI) og fem ulike direktorat. Oppvekstprofilen viser beskyttelse- og risikofaktorar for barn si helse og utvikling. Oppvektsprofilen er eit verktøy som kommunen kan bruke i planlegging av barn og unge sitt oppvekstmiljø. Blant anna vil kommunen sjå om barn i kommunen opplever mobbing, kor mange barn som bur i familiar med lavinntekt og kor mange som oppgjev at dei er med i ein fritidsorganisasjon. Dei får også oppsummert resultat frå Ungdata om kor nøgde barn og unge er med lokalmiljøet og om dei føler seg trygge.

Kompetansekartlegging

Vår 2021 gjennomførte Tysnes kommune i samarbeid med Korus Vest ei kompetansekartlegging blant tilsette som jobbar direkte og indirekte med barn og unge i kommunen. Kartlegginga viste tilsette si eiga oppleving av eksisterande samarbeid og samhandling, eigen kompetanse og kjennskap til eiga teneste sine rutinar. Kompetansekartlegginga er eit nyttig verkty i planlegging av kvalitetsforbetringar i kommunen sitt arbeid med tidlig identifikasjon og oppfølging av utsette barn og vil gjennomførast kvart 4 år i kommunen. Les meir her.

Tilsyn og forvaltningsrevisjon

Sikring av rett praksis skjer også gjennom tilsyn og gjennom forvaltningsrevisjon.
Tilsyn betyr at ein instans innan offentleg forvaltning undersøker om kommunen overheld lov og regelverk, og at innbyggjarane får dei tenestene dei har krav på. For Tysnes kommune er det Statsforvalteren i Vestland som som oftast utfører tilsynet, men det kan også vere  Arbeidstilsynet eller andre statlege instansar.
Forvaltningsrevisjon er ei systematisk vurdering av korleis kommunen sin administrasjon utfører sine oppgåver opp mot kva kommunestyret har vedteke. I ein forvaltningsrevisjon kan ein til dømes vurdere om ressursbruken samsvarar med politiske vedtak og føresetnader, om ressursbruken er effektiv og om regelverk vert følgd.

10-faktor undersøking

10-faktor er eit forskningsbasert verktøy for å måle faktorar som er avgjerande for å oppnå gode resultat – og som kan verta påverka gjennom målretta utviklingsarbeid. Tysnes kommune nyttar 10-faktor undersøking blant tilsette i kommunen. Kommuneresultata vert gjennomgått med leiarar, tillitsvalde og verneombod. 10-faktor er ein del av forbetringsarbeidet i kommunen og skal gjennomførast kvart 2. år.

Olweusprogrammet

Alle skulane i Tysnes kommune jobbar ut frå Olweusprogrammet mot mobbing og antisosial åtferd. Som Olweusskule har ein tilgong til gode verktøy som nyttas på kommunalt, teneste og individnivå. På kommunalt nivå nyttas overordna resultat frå elevkartlegging i arbeid med kommunale planar, som til dømes overgongsplanar og skulebruksplan.

Ungdata

Tysnes kommune gjennomførar Ungdata undersøkelser. Ungdata er lokale barn- og ungdomsundersøkingar der skuleelevar svarar på spørsmål om korleis dei har det og kva dei gjer på fritida. Undersøkinga er eit nyttig verktøy i brukes i arbeidet med tenesteutvikling og utarbeiding av kommunale planar.