Rutinar og verktøy på tenestenivå for samhandling, identifikasjon og oppfølging av barn og unge, samt prosedyrar og kvalitetsforbetring for dei enkelte tenestene.

BTI- rettleiar

BTI- rettleiaren er kommunes viktigaste rutine og verktøy i arbeidet med barn og unge som det er knytt uro eller bekymring til. Rettleiaren viser korleis tilsette skal gå fram med si uro og bekymring og korleis dei ulike tenestene skal samhandle og koordinere hjelpa.

Barn og unges helsetenester

Helse Fonna samhandlingsforløp som vert kalla barn og unges helsetenester er ein tverrfaglig rutineskildring som synleggjer dei ulike tenestene sine ansvarsområder og korleis dei ulike tenestene skal gå fram ved  bekymringar knytt til psykisk helse for barn og unge.

Kvalitetssystem- Compilo

Tysnes kommune held på å implementere Compilo som sitt avviks- og kvalitetssytem. Dette er ei heiskapleg løysning for kvalitetssystem og internkontroll. Tilsette i Tysnes kommune finn i dette systemet alle lovar, rutinar, reglement, handbøker, skjema, prosedyrar og planar knytt til arbeidet i kommunen. Avvik som vert meldt her er grunnlag for kvalitetsforbetringar innanfor kommunen sine tenester.

Undersøking blant tilsette og brukarar

10-faktor

10-faktor er eit forskningsbasert verktøy for å måle ti faktorar som er avgjerande for å oppnå gode resultat – og som kan bli påverka gjennom målretta utviklingsarbeid. Tysnes kommune nyttar 10-faktorundersøking blant tilsette i kommunen. Resultata på den enkelte eining/avdeling vil bli gjennomgått på personal- og/eller avdelingsmøter. Her blir det lagt opp til refleksjon over det som kjem fram. Ein vert samnde om kva faktorar ein skal forbetre og set saman ein handlingsplan der tiltak og ansvar vert definert.

10-faktor  skal vere ein del av forbetringsarbeidet vårt og skal gjennomførast annakvart år.

Kompetansekartlegging

Våren 2021 gjennomførte Tysnes kommune i samarbeid med Korus Vest ei kompetansekartlegging blant tilsette som jobbar direkte og indirekte med barn og unge i kommunen. Kartlegginga viste tilsette si eiga oppleving av eksisterande samarbeid og samhandling, eigen kompetanse og kjennskap til eigne tenester sine rutinar. Resultata kan visast på tenestenivå og kommunalt nivå. Kompetansekartlegginga er eit nyttig verktøy i planlegging av kvalitetsforbetringar i dei ulike tenestene sine arbeid med tidlig identifikasjon og oppfølging av utsette barn, og vil gjennomførast kvart 4. år i kommunen.

Brukarundersøkingar

Kartleggingar og brukarundersøkingar i dei ulike tenestene avdekkar svikt, forbetringspotensial og gjev viktige innspel i forbetringsarbeid i dei ulike tenestene i kommunen (t.d. årlige elevundersøkingar, ungdata og foreldreundersøkingar i barnehage).