Tenestetilbodet skal så langt som mogleg utformast i samarbeid med pasient eller brukar.
Ein har ulik medverknad på dei ulike nivåa i modellen. På kommunenivå har innbyggjarar og brukarar medverknad på følgjande måte:
- Referansegruppa til samhandlingsmodellen (representantar av foreldre, ungdommar, vaksentenester og spesialisthelsetenesta)
- Ungdomsrådet
- Elevrådet
- Kommunalt råd for personar med nedsett funksjonsevne
- FAU/SU
- Tillitsvald
- Kartleggingar og brukarundersøkingar (t.d. årlige elevundersøkingar, Ungdata og foreldreundersøkingar i barnehage)