Medverknad på tenestenivå handlar om at barn og unge skal ha høve til å vere med på å medverke i utforminga av tenestetilbodet i kommunen retta mot dei. I Tysnes kommune vert dette gjort gjennom Ungdomsrådet, elevrådet, elevundersøkinga og ungdata-undersøkinga. Foreldre og føresette har høve til å påverke gjennom FAU og SU ved skulane og gjennom samarbeidsutvala i barnehagane.
Elevråd med faste møtepunkt
Tysnes skule har to elevråd, eitt for elevane på mellomsteget og eitt for elevane på ungdomssteget. Elevrådet jobbar for å få eit triveleg miljø på skulen, og for å få fram synspunkta til elevane på saker og ting som skjer på og rundt skulen. Alle elevane frå elevrådet forhøyrer seg med sin klasse om ulike saker, problem og liknande, og deretter legg dei fram klassen sine synspunkt i elevrådet.
Samarbeidsutval med faste møtepunkt
Barnehagane og skulane i kommunen har kvar sine samarbeidsutval som består av representantar for dei tilsette, foreldra, kommunen og styrar/rektor. Samarbeidsutvalet er eit rågivande, kontaktskapande og samordnande organ. Samarbeidsutvalet skal få førelagt saker som er viktige for barnehagen og skulen sitt innhald og verksemd, og for forholdet til foreldra og barna.
Årlige elevundersøkingar Olweus
Som ein del av Olweusprogrammet gjennomførar alle skulane i kommunen årleg ei anonym kartlegging av mobbing blant elevar.
Foreldreundersøkingar
Barnhagane, skulane og SFO gjennomfører ulike foreldreundersøkingar i kvalitetsarbeidet.
Ungdata
Ungdata er lokale barn- og ungdomsundersøkingar der skuleelevar svarar på spørsmål om korleis dei har det, og kva dei gjer på fritida. Undersøkinga er tilpassa barn og ungdom og er landsdekkande slik at kommunen kan samanlikne resultat med øvrige kommunar. Tysnes kommune gjennomgår resultata saman med elevrådet og ungdomsrådet, og innhentar her innspel til kommunens BTI/BTS arbeid.
Ungdomsrådet
Ungdomsrådet er eit rådgivande medverknadsorgan i kommunen. Alle saker som gjeld ungdom skal leggjast fram for ungdomsrådet. Rådet kan og ta opp saker på eige initiativ. Formålet med ungdomsrådet er å bidra til å sikre ein brei, open og tilgjengeleg brukarmedverknad.
Ungdomsrådet i Tysnes kommune er ein del av eining Barn og familie si referansegruppe ved BTI/BTS-arbeidet og utvikling av tenestetilbod til barn og unge.