Gjennom tverrfagleg samhandling får tenestene betre og gjensidig forståing og oversikt over kvarandre sine oppgåver . Dei blir betre til å koordinere innsats og ansvar, slik at oppfølginga blir meir heilskapleg og samanhengande. Tysnes kommune har fleire faste samhandlingsarenaer på tvers av ulike tenester i kommunen og ulike avtalar med mål om å sikra god samhandling. Dette dreier seg om tverrfaglege møteplassar og avtalar mellom dei ulike tenestene som kommunen tilbyr:
Oppvekstmøter
Kvar 6. veke har kommunen etablert Oppvekstmøte for oppvekstetaten. Oppvekstmøter er faglege fora for tenester som arbeider direkte med barn og unge i kommunen. I oppvekstmøter jobbar ein tverretatelig og tverrfageliegmed implementering av oppvekstreforma, BTI/BTS arbeid, samarbeid og utveksling av informasjon mellom tenester. Samansetnaden består av:
- Rektorane ved skulane i kommunen
- Kulturskulerektor
- Einingsleiar barn og familie og barnevernsleiar
- Einingsleiar barnehage
- Styrane i kommunens barnehagar
- Fagansvarleg helsesjukepleiar
- Kommunepsykolog
- Andre aktuelle aktørar som helse og omsorgsetaten, politi og lege vert inkludert når det er naturleg ut frå tema
Einingsmøte barn og familie
Kvar 3 veke har kommunen etablert einingsmøte for eininga Barn og familie. I einingsmøtene utviklar ein samarbeid og rutinar for samarbeid mellom ulike instansar og BTS/BTI arbeid. Det er ein arena for informasjon, diskusjon og tiltak i høve sårbare barn og familiar. Samansetninga består av:
- Einingsleiar og barnevernsleiar
- Alle tilsette i kommunalt barnevern
- Alle tilsette i helsestasjon og jordmortenester
- Alle tilsette knytt til psykisk helsearbeid for born og unge
TEBU
TEBU gruppa er ei tverretatleg samarbeidsgruppe og eit fagleg forum for alle som arbeider med barn og unge i kommunen. TEBU gruppa er viktig i det rusførebyggjande arbeidet i kommunen. Det er og ein arena for å utvikla samarbeid og rutinar for samarbeid mellom ulike instansar, samt ein arena for informasjon, diskusjon og tiltak i høve rusarbeidet. Gruppa held minimum halvårlege møter med aktuelle tema som vedkjem born og unge. Samansetnaden består av:
- Skulehelsetenesta
- Psykisk helseteneste
- Barnevernstenesta
- Oppvekstetaten
- Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)
- BUP
- Andre aktuelle aktørar som politi og lege vert inkludert når det er naturleg ut frå tema
Ressursteam
Tysnes skule har etablert eit ressursteam for å auke det tverrfagelege og tverretatelige samarbeidet på tenestenivå i kommunen. I ressursteamet vert det drøfta rutinar for samarbeid, tidlige og systematisk identifisering og oppfølging av sårbare born og unge og ulike problemstillinger på tema nivå. Ressursteamet møtar om lag kvar 4 veke og består av:
- Rektor
- Sosialpedagogisk rådgjevar
- PPT kontakt
- Helsesjukepleiar knytt til skulehelsetenesta
- Psykisk helsearbeidar born og unge
- Kommunepsykolog
Samarbeidsmøter skule, barnehage og PPT
Skulane og barnehagane i kommunene har faste samarbeidsmøter med PPT om lag kvar 4. veke.
ROP- teamet
Tysnes kommune har oppretta eit Rus- og psykiatriteam (ROP). ROP- teamet skal koordinere og samordne tenester i kommunen, og leggje til rette for tiltak som kan implementerast på tvers av tenester. Gruppa skal jobbe for å sikre at brukarane får dei tenestene dei har krav på, til rett tid. Gruppa består av:
- NAV- leiar
- Fagleiar psykisk helse vaksne
- Kommunepsykolog
- Psykisk helsearbeidar barn og unge
- Einingsleiar heimetenester
- Kommunelege
Tverrfaglege helsemøter
Dei psykiske helsetenester er organisert i ulike etater i kommunen. Tysnes kommune har derfor oppretta faste møtepunkt mellom tilsette i barne- og vaksentenesta for å sikre gode overganger og kjennskap til ulike kommunale tenester, sikre god informasjonsflyt og avklare ansvarsfordeling og roller. Tilsette møtes om lag kvar 6. veke til eit fellesmøte med ulike tema og internundervisning. Dei inviterte er:
- Tilsette i psykiske helsetenester for vaksne
- Tilsette i psykiske helsetenester for barn og unge
- Tilsette på helsestasjon og jordmor
- Fysioterapiteneste
Samarbeidsmøter psykisk helse og legetenesta
For å forbetre kjennskap til kommunale tenester og avklare ansvarsområder har Tysnes kommune etablert faste møtepunkt om lag kvar 3. månad mellom psykiske helsetenester for vaksne og barn i kommunen og det kommunale fastlegekontoret. Her utvekslar ein informasjon på tenestenivå og drøftar ulike utfordringar knytt til samarbeid mellom tenestene, samt implementering av tiltak for sårbare barn, unge og vaksne. Desse deltar:
- Alle fastlegar i kommunen
- Fagleiar psykiske helsetenester for vaksne
- Kommunepsykolog
Førebyggjande tiltaksteam
Kommunen har etablert eit team sett saman av ulike fagpersonar, med målsetjing å hjelpe barn og familiar innafor rammene av førebyggjande psykisk helsearbeid. Teamet har faste møtar annakvar veke og består av:
- Kommunepsykolog / koordinator for teamet
- Psykisk helsearbeidar barn og unge
- Helsesjukepleiar
- Familieterapeut
Konsultasjonsmøter BUP
Tysnes kommune har etablert faste møtepunkt 5 gonger i året mellom kommunale tenster og BUP. På desse møtene utvekslar ein informasjon om aktuelle tiltak og tilbod med mål om samarbeid om tidlig identifikasjon og oppfølging av sårbare barn og familiar. Barn og unge sine helsetenester og BTS/BTI modellen til kommunen vert nytta som verktøy i desse møtane. Dei inviterte er:
- Tilsette helsestasjon/jordmorteneste
- Tilsette som jobbar med psykisk helse barn
- Representant frå BUP Stord
- Andre ved behov (kommunal legeteneste, barnevern- vert invitert på minimum eitt møte per år når BUP kjem til Tysnes)
Samhandlingsrutinar
Rutinar for samhandling mellom tenester er viktig ved identifisering og oppfølging av sårbare barn vert sikra gjennom bruk av handlingsrettleiaren (BTI rettleiiaren). Her er samtykkeskjema for deling av informasjon. Når tenester samhandlar kring enkeltsaka kallar stafetthaldar inn til eit nettverksmøte, og ein har ein mal for kva informasjon som skal følgje ei slik innkalling. I handlingsrettleiaren ligg rutinar for gjennomføring av eit nettverksmøte.
Samarbeidsavtalar
Samhandling vert sikra med samarbeidsavtalar mellom tenester i kommunen. Desse avtalane seie noko om korleis ein skal samhandla og kven som er ansvarleg for kva kring barn og unge i kommunen. Aktuelle samarbeidsavtalar er:
- Interkommunalt PPT
- Barnehage/barnevern
- Barnehage/helsestasjon
- NAV/Tysnes kommune
- NAV/barnevern
- Helse Fonna/ Tysnes kommune
- Krisesenter Vest IKS