Merk! Innholdet i denne siden er under utvikling.

Tilbake

Evaluering

Evaluering er ei systematisk datainnsamling, analyse og vurdering av ein planlagt, pågåande eller avslutta aktivitet. Tysnes kommune har rutinar for evaluering av arbeidet med identifikasjon, oppfølging og samhandling på tenestenivå. Evaluering er viktig for læring, forbetring og utvikling.

Compilo

Kommunen jobbar med å implementer Compilo som eit felles kvalitets- og avvikssystem for kontinuerlig evaluering og forbetring av tenester.

Kompetansekartlegging

Kommunen gjennomfører kompetansekartlegging blant tilsette som arbeider direkte og indirekte med barn og unge kvart 4. år for evaluering av BTS/BTI arbeidet på tenestenivå. Data kan hentast ut på den enkelte teneste sitt arbeid med tidlig identifikasjon og oppfølging av sårbare barn og unge.

Brukarundersøkingar

Kommunen gjennomfører ulike brukarundersøkingar for å evaluere kvaliteten på tenestene dei gjev, til dømes:

  • Kartlegging før og etter gruppetilbud (t.d. COS P, Cool kids angstgruppe, Bluesmothers grupper for  mødre med utfordringar)
  • Kartlegging av brukartilfredsheit ved implementering av nye tiltak
  • Brukarundersøkingar (t.d.kvalitetsoppleving av SFO- tilbod i kommunen)
  • Årlige BTS/BTI- evalueringar i samarbeid med referansegruppe
  • Evaluering av kommunen sine tenester er tema på personal- og foreldremøter.
  • Elevundersøkelser (Olweus)

Årsrapportar

Evaluering skjer også gjennom budsjettarbeid og arbeid med årsrapportar på tenestenivå. Døme på aktuelle rapportar som blir nytta i evaluering av kommunen sitt arbeid med tidlig identifikasjon og oppfølging av sårbare barn på tenestenivå:

  • Årsrapport og kostratal frå helsestasjon og jordmortenester (Ansvarleg: fagleg leiande helsesjukepleiar)
  • Kvartalsrapport og årsrapportar frå førebyggande tiltaksteam (Ansvarleg: einingsleiar og kommunepsykolog)
  • Tal på aktive og avslutta stafettloggar (Kommunens BTI ansvarlege)
  • Årsrapport for barnevernstenesta (Ansvarleg: barnevernsleiar)