Kvart 4 år gjennomfører Tysnes kommune i samarbeid med Korus Vest ein omfattande kompetansekartlegging blant tilsette som jobbar direkte og indirekte med barn.

Føremålet med kartlegginga er å få oversikt over områder innan tverrfagleg innsats som me bør utvikla vidare slik at utsette barn og unge får rett hjelp til rett tid. Kartlegginga skal få fram tilsette si eigenvurdering av:

•             kunnskap og kompetanse på fagspesifikke område som rus, psykisk helsa, vald etc.

•             handlingskompetanse i møte med utsette barn og unge og handtering av bekymring

•             regelverk og rutinar rundt samarbeid og samhandling

•             samarbeid- og samhandlingserfaring

•             erfaringar med å involvera foreldre og barn/brukarinvolvering

Bakgrunn: Tysnes kommune starta i desember 2020 eit prosjekt for systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn med tilskot frå Bufdir. Dette er ei vidareføring av dette arbeidet. Det er godt forankra både i politisk og administrativ leiing at dette arbeidet skal prioriterast.

Kven: Kartleggingsundersøkinga vert sendt ut til alle medarbeidarar i Tysnes kommune som er i kontakt med barn og unge, enten direkte gjennom skule, barnehage, helsestasjon, skulehelseteneste, barnevern, eller  PPT; eller indirekte gjennom barna sine foreldre. Med dette siste meiner me tenester som er i kontakt med vaksne som er i ein livssituasjon som kan medføra bekymring for barn, noko som er særleg aktuelt for medarbeidarar i NAV, psykisk helse  og  fastlegar.

Personvern: Det vil bli samla inn bakgrunnsdata om kva teneste ein jobbar i, og i nokre tilfeller kva stilling ein har. Alle svar vert registrert elektronisk. Dei einaste direkte identifiserbare opplysninga som vert samla inn i samband med kartlegginga er den kommunale  epostadressa til tilsette. KoRus vest Bergen AS (Kompetansesenter rus – region vest Bergen) har som behandlingsansvarleg institusjon fått tilgang til e-postadresser via BTS/BTI ansvarlig i Tysnes kommune.