Brukarmedverknad på individnivå inneberer at tilbodet vert tilpassa barnet og familien ut frå deira behov. Barnet og familien deltar aktivt i planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak. I arbeid med barn og unge er brukarmedverknad ein naturlig del av utforminga av det enkelte tilbodet. I tillegg sikrar ein brukarmedverknad systematisk på følgjande måte i Tysnes kommune:

  • BTI handlingsrettleiar: Tysnes kommune har ein digital handlingsrettleiar med tilhøyrande verktøy som tilsette i vår kommune skal nytte når ein jobbar med barn og unge. Målet med handlingsrettleiaren er rett hjelp til rett tid, tidleg foreldreinvolvering og at barnets røyst alltid skal følgje prosessen kring seg sjølv.
  • Bruk av informert samtykke ved oppretting av stafettlogg og behandling/hjelp frå kommunale tenester
  • Utviklingssamtaler i barnehage og på skulen
  • Medarbeidersamtale
  • Stafettloggmøte